Bokrapport: Reis deg med ny styrke

“Integritet er å velje mot framfor bekvemmelighet. Å velge det som er riktig framfor der som er morsomt, raskt eller enkelt å velge, og å velge å praktisere verdiane våre framfor å nøye oss med å snakke om dei.
Vi må stille oss spørsmålet, kva må ta slutt eller dø for at vi skal få oppleve en ny oppstandelse?”
Torunn Mattson

Originalens tittel: Rising Strong 2015
Forfatter: Brenè Brown
Oversettelse: Reis deg med ny styrke
Oversettelse: Lene Stokseth
Forlag: Cappelen Damm AS 2016
Tal sider: 276
Bokrapport skrevet av Torunn Mattson, mai 2020

Forfattar

Brenè Brown er født 18 november 1965 I San Antonio, Texas, USA.  Ho er forskar og professor ved University of Houston Graduate College of Social Work. Brenè er kjend for sine bøker og TED-talks som har opna for ein global samtale om mot, sårbarheit, skam og eigenverd. Gjennom sitt arbeid har ho funnet ut at sårbarheit, villigheita til å blottstille seg og kaste seg ut i noko utan å vite kva resultatet blir, er den einaste måte å oppnå meir kjærlighet, tilhørighet, kreativitet og glede. Forskinga hennar er basert på historier frå tusenvis av kvinner og menn i alle aldrar. Ho oppfordrar til å ta våre eigne historier på alvor. Eige dei. Ikkje dømme dei. Vere nysgjerrige og omsorgsfulle medan vi baksar med våre eigne opplevelser. Brenè fokuserer på det som er viktig for å kunne leve eit heilhjerta liv.

Reis deg med ny styrke, resymé

Boka «Reis deg med ny styrke» handlar om korleis vi skal reise oss etter eit fall. Utgangspunktet er å gå vidare etter å ha gjort ein feil, og møte sorg og smerte på ein måte som gir oss meir visdom og muligheit til å leve heilhjerta liv. Vi mennesker diktar opp historiar når vi opplever skuffelse og nederlag. Dersom vi ikkje har tilgang til nok informasjon, støttar vi oss til fabuleringar og konspirasjonsteoriar. Vi forklarer for oss sjølv kva andre mennesker legg til grunn for ulike beslutninger «han liker meg ikkje», «ho synest eg er uprofesjonell»… Brenè oppfordrar oss til å vere nysgjerrige og ikkje dømmande til forklaringane vi diktar opp. Kva skjer med kroppen, kva følelsar er i sving? Dette er ein viktig del av prosessen med å reise seg igjen. Vi har eit val. Dersom vi møter våre eigne skuffelsar og fall med nysgjerrigheit framfor dom, gjer vi oss klar til å skrive vår eigen modige avslutning på historia. Med andre ord, vi tar eigarskap til eigen historie.

Brenè brukar historiar der ho sjølv har vore hovudpersonen, eller historiar som ho har fått fortalt i intervju med andre, for å belyse dei ulike fasane i prosessen.

Ho delar prosessen inn i:

  • Rekognoseringa – Kva skjer no?
  • Romsteringa – Historia eg lagar meg er…..
  • Revolusjonen – Å skrive ein ny, modig slutt, igjen og igjen, dette blir ein praksis – ein måte å leve på

Rekognoseringa – Her identifiserer vi følelsar og blir nysgjerrig på desse, og korleis dei heng saman med korleis vi tenker og oppfører oss.

Det store spørsmålet er, vil du klare sei oppriktig ja til eventyret? Denne fasen består av å få kontakt med følelsane og å bli nysgjerrig på historia bak følelsane. Nokre gonger er det kroppens reaksjonar som gjer oss merksame på følelsane. Her trekker Brenè fram eit eksempel der ein har mista jobben eller har feila med eit prosjekt. Det som gjer historia vond, er det vi fortel oss sjølv om vår eigen sjølvrespekt og verdi. Når vi tar eigarskap til våre eigne historiar, må vi rekognosere eigne følelsar og romstere med vanskeleg emosjonar som frykt, sinne, skam og skuld.

Dersom vi fornektar historiane våre og koblar frå vanskelige følelsar, vil dei ikkje forsvinne. Dei tar eigarskap over oss og definerer oss.

Når vi vel å vere nysgjerrig, vel vi å vere sårbar. Eit vanleg mønster for å beskytte oss mot sårbarhet,  er å velje sikkerheit framfor nysgjerrighet, rustning framfor sårbarhet og viten framfor læring. Brenè seier vi er programmert til å vere emosjonelle vesen. Når den delen av oss er stengt av, er vi ikkje heile.

Romsteringa – I denne fasen ser vi med ærlig blikk på historiane vi diktar opp. Kva kjempar vi med? Vi må utfordre den fantasifulle fargelegginga og antakingane våre for å skille kva som er sant, kva som er forsvarsmekanisme, og kva vi må endre om vi ynskjer å leve meir heilhjerta.

Det er her vi begynner leve heilhjerta og endringane begynner. Vår mest primitive overlevings-programmering er å dikte historiar som gir meining for å best beskytte oss sjølv. Når vi romsterer tar vi eit bevisst val der vi føler oss usikre og sårbare.

Historiane vi diktar opp inneheld ofte følelsar, kropp, tankar, tru og handling. Førsteutkastet vi lagar er eit verktøy for å stille spørsmål og å finne meining.

I romsteringa må vi stille spørsmål som «Kva meir treng eg vite og forstå om situasjonen?», «Kva meir treng eg vite og forstå om dei andre personane i historia?», «Kva meir treng eg vite og forstå om meg sjølv?»

Sårbarhet, som vi kjenner på i denne fasen er kjelde til mange av dei meiningsfylte opplevingane vi lengtar etter. Den er mellom anna kjelde til kjærligheit, tilhørigheit, glede, kreativitet og tillit. Det er i denne prosessen med å vinne tilbake det emosjonelle fotfestet, midt i strevet, at motet blir satt på prøve og verdiane våre blir forma. Når vi reiser oss etter eit fall, dyrkar vi fram det heilhjarta i livet vårt. Det er denne prosessen som lærer oss mest om kven vi er.

Revolusjonen – Her skal vi skrive ei ny avslutning på historia basert på det viktigaste vi har lært av romsteringa. Denne historia skal nyttast til å endre korleis vi forheld oss til verda, og gjennom denne skal vi endre korleis vi lever, elskar, leder og fyller dei ulike rollene vi har. Viljestyrke, viljen til å ta ansvar for sitt eige liv er kjelda sjølvrespekten spring ut frå.

Vi er forfattar av eigne liv. Vi skriver våre eigne modige historier.

Brenè kom fram til 3 vesentlige punkt gjennom hennar eiga historie:

  • Vi må omdefinere kva vi meinar er verdifullt og sørge for å sjølv bli inkludert i definisjonen.
  • Vi må elske den vi er og bakgrunnen vår. Her kan det vere vanskeleg og øydelagt, men mykje er vakkert og sterkt. Alt dette har gjort deg til den du er.
  • Romsteringa, der vi ser at vi kan ha åtferd som uetisk og sårande. Her henta ho fram nysgjerrigheit som er i tråd med verdiane hennar. Ondskap ligger utanfor hennar integritet.

Integritet er å velje mot framfor bekvemmelighet. Å velge det som er riktig framfor der som er morsomt, raskt eller enkelt å velge, og å velge å praktisere verdiane våre framfor å nøye oss med å snakke om dei.
Vi må stille oss spørsmålet, kva må ta slutt eller dø for at vi skal få oppleve en ny oppstandelse?

Kva deler fenga meg, og kvifor? 

Det er eit viktig bodskap i denne boka og ei innsikt som eg tenker alle burde ha. Det å vere bevisst på og ta eigarskap til korleis vi lever våre liv.
Brenè brukar fleire historiar for å beskrive prosessen ein må gjennom frå å vise sårbarhet til å reise seg med ny styrke. Historiar vi alle kan kjenne oss att i, enten det er i jobbsituasjon, på heimebane eller på andre arenaer i livet.
Det å leve heilhjerta liv ved å ta ansvar for våre kjernekrefter. Våre tankar, ord, handlingar og følelsar. Tenk for ei gåve, dette kan vi påverke sjølv, gjennom vår eiga historie. Vi har eit val.

Dette er grunnleggande kunnskap som eg så inderleg vil lære alle rundt meg. 

Korleis er innhald i boka nyttig i mi rolle

Innhaldet i boka finn eg nyttig i alle rollene eg spelar kvar einaste dag, og for alle dei eg har rundt meg i ulike settingar.
Kunnskap om korleis vi er programmert til å tenke. Feller vi lett kan gå i om vi ikkje er bevisst rundt dei historiane vi til stadigheit diktar opp.
Og ikkje minst viktigheita av å bygge sjølvrespekt/tillit gjennom å bli godt kjent med seg sjølv.

Parallelt med å lese denne boka har eg reflektert over små knepp eg kan endre på i dei ulike rollene eg har. Viktigheita i å vere tydeleg i kommunikasjon nettopp for å hindre at andre må lage uhensiktsmessige historiar. Eg brukar meir tid på det eg skal kommunisere til ei gruppe, dette fordi eg veit at dei er ulike og har ulike behov. For nokre er det avgjerande å få informasjon på detaljnivå for å skape tryggheit og tillit.

Som leiar, kollega og som veninne kan eg vere ein god samtalepartner i dei vanskelege samtalane. Eg veit kva spørsmål eg skal stille som kan gjere ein forskjell for enkeltmennesket.

Som mor har eg hatt fleire gode samtalar med 20 åringane fordi eg veit det er så inderlig viktig for dei å forstå at vi må tillate oss å vere sårbare, nettopp for at ikkje vanskelege følelsar skal definere oss og ta eigarskap over oss. Som dotter skulle eg så gjerne tatt denne samtalen med min far som har lært meg at å vise følelsar og å vere sårbar er teikn på svakheit J

Ved å vere nysgjerrig framfor å dikte historie vil vi sjølv kunne hindre eller ihvertfall vite korleis vi kan reise oss etter eit fall.

Denne boka er eit godt supplement og heng tett saman med coaching og coachende leiarskap. Boka har mange likheitstrekk med nevrosemantikken som handlar om korleis vi gir meining til det som skjer rundt oss. Det gir oss ei større forståing av oss sjølv og andre. Og hjelper oss i måten å tenke på når vi har behov for å reise oss etter fall.

Så, lukke til med å finne ut kven du er, våge stort, falle og reise deg igjen. Det vil eg!

Bokrapport av Torunn Mattson,
Programdeltaker på Kreativ ledelse og coaching nivå A, B og C, CoachTeam – House of Leadership i samarbeid med  Universitetet i Agder.

 

BLI INSPIRERT!

Meld deg på vårt nyhetsbrev og bli inspirert et par ganger i måneden.

Vi sender ikke spam, og vi deler ikke e-post adressen din med andre.

Skroll til toppen